>>   om setra
>>   dyra på setra
>>   finndalen
>>   aktiviteter
>>   bilder
>>   lenkjer
>>   kontakt oss
 
 

Gubhage seter er opprinneleg ei gamal seter frå 1791. Rundt 1970 vart det sett opp nytt seterhus og fjos litt ovanfor den gamle setra, og her har det vore seterdrift sidan.

HansEigaren, Hans Gubhage, tok over garden heime og setra i Finndalen i 1986. Han har satsa på gamle raser som Telemarksfe, Vestlandsfjordfe, Trønderfe og Dølafe, samt gamal norsk spælsau. På garden har vi og geit, høner, minigris, hest og kattar, og alle desse er med på flyttelasset til setra om sumaren.
Kvar sumar går vi over fjellet frå Skjåk til Finndalen med kyrne, ein tur som tek mellom 7 og 8 timar. Og om hausten tek vi same turen attende til garden med dei.

På setra er det full drift frå juni til ut september, med mjølking, ysting i tillegg til turistverksemda. Sidan det ikkje er straum på setra vert mjølkeanlegget dreve av eit eige dieselaggregat.
På setra har vi ti overnattingsplassar i dei gamle, restaurerte seterhusa, for dei som ynskjer å overnatte i enkle kår setra tilbyr.

Vi driv og ein seterkafe med utsal av vafler, kaffe, te og saft. I tillegg sel vi skinn og frå garden sel vi og livdyr.

Velkomne til seters!
 
  Gubhage seter v/Hans Gubhage . 2690 Skjåk . Tlf. Hans 99 24 38 44 . Tlf. Trond 94 43 72 42 .
Epost: post@gubhage.no . www.gubhage.no . Webdesign: Ottadalen Data