>>   om setra
>>   dyra på setra
>>   finndalen
>>   aktiviteter
>>   bilder
>>   lenkjer
>>   kontakt oss
 
 

Finndalen ved Jakob Brekken

Villreinjakt vert og drive nå kvar haust. Årsaken til at villreinen her vert så stor er truleg dei gode sumarbeitene og at reinen vert lite forstyrra om sumaren under beitinga. I dette store fjellområdet er det liten trafikk - nesten ikkje turistar. Ved sida av villreinjakt har truleg og jakt på pelsdyr hatt betyding. Frå gamalt var pelsverk ei viktig handelsvare. I Finndalen er det mange gravhauger og gravrøyser. Nede i dalen er det kjent i alt 7 og i fjellet 4.

Det er funne ei mengd piler her, særleg i fjellet, men det merkjelegste funnet vart gjord i Gravdalen i 1978 av Jan Haugen i Skårvangen. Han fann eit lite sverd av jern her. Det vart seinare levert til Universitetets Oldssaksamling og det viste seg at det var svært gamalt. Det var nemleg frå keltertid, ca. 300 år f.Kr. Det er ikkje funne noko slik verken her i landet eller i Sverige. Det einaste som er funne av same type er frå ei øy i Danmark.

Finndalen er statsalmenning og det er Vågå og Skjåk som har almenningsrett her. På eit gamalt kart er det ved ein feil inntegna kommunegrensa der almenningsgrensa går slik at heile almenninga vart liggande i Lom. Dette har Skjåk og Vågå protestert mot. Grensetvisten er enda ikkje avgjord og grensesaka ligg nå hjå departementet.
I 1930-åra vart det bygd bilveg inn i dalen fram til Sterringen. I mange år var det mjølkerute her. Nå er det att berre ein skjåkvær som har dyr på setra. Setrene på Vangen, innerst i Finndalen vart nedlagde før krigen.

I fremste delen av Finndalen er berggrunnen fyllitt. Denne går innover mot Odden. Så er det eit smalt belte med lys sparagmitt, og i resten av området er bergrunnen gneis. I fremste delen har det vore både kleber og kvernstein. Endel brynstein har det og vore brote ut frå gamalt av. Her er det og meir frodig plantevekst og ein del sjeldne fjellplanter. Lenger inne i Finndalen er det lite av kravfulle planter.
Finndalen er gravd ut av breen. Det er ein typisk u-dal med flat, brei botn og bratte dalsider. Sjølve utforminga av dalen har truleg skjedd for fleire millionar år sidan. Det har ikkje skjedd under siste istid.
I 1882 fann ei budeie på Skårvangsetrene ei mammuttann i ein bekk like ved setra. Dette var det fyrste funn av restar etter mammut her i landet. Mammuten har truleg levd her før siste istid. Dette betyr at vi i området her kan ha rester av avsetninger som er eldre enn istida. Slike avsetninger er svært sjeldne, dei er som regel vorte førd bort under isavsmeltinga.

<< SIDE 1 SIDE 2
 
  Gubhage seter v/Hans Gubhage . 2690 Skjåk . Tlf. Hans 99 24 38 44 . Tlf. Trond 94 43 72 42 .
Epost: post@gubhage.no . www.gubhage.no . Webdesign: Ottadalen Data