| |
|
Finndalen ved Jakob Brekken
Finndalen er ein av dei mest interessante fjelldalane i heile landet. Her har det vore fast busetjing i eldre tid. Gravhauger og gravrøyser er bevis på dette, dessutan ei mengd gamle hustufter.
Det ser og ut til at nokre gardsnamn er bevard, til dømes Gymmerstad, Selbu og Sterringen. Men dei eldste spora etter folk er steinaldarbuplassane. Det er funne 4 slike. Alderen på desse er ikkje bestemt, men dei eldste kan vera fra eldre steinalder. Kanskje kan det ha hulde til folk her i 7-8000 år.
I eldre tid var det eit stort vatn i Finndalen. Sagnet seier at det var eit uvanleg godt fiskevatn, men at det braut seg ut nokre år før Svartedauden. Sidan har elva grove seg ned i den gamle vassbotn og går nå i store slynger. Ein svensk forskar var her i 1960-åra og studerte dette, og fant ut at Finndalsvatnet braut seg ut for 600 år sidan - og at det sagnet fortel er rett.

Finndalen vart avfolka etter Svartedauden. Likeså Skårvangen. Seinare har Finndalen fyrst og fremst vore ein seterdal. Skjåkværene har hatt over 30 setrer her; likeså har det vore 3 vågåsetrer fremst i Finndalen. Mo, Oppigard og Nigard Visdal har hatt setrer her. Nigard Visdal har seter her enno.
Klomsro er opprinneleg ein Vågå-gard, men er seinare seld som seter til ein gard i Skjåk og er nå deld i 3 setrer.
Ved Klomsro er det 40-50 gamle tufter som ikkje er setertufter. Alderen på desse er uviss, men dei er iallefall frå før Svartedauden. Truleg er det fangstfolk som har halde til her.
Det som har vore det viktigaste næringsgrunnlaget for folk i Finndalen i eldre tid har vore villreinen. Den dag i dag er det her vi finn den største villreinen i landet, og at villreinfangsten har hatt stor tyding kan vi skjøne av alle fangstgravene som finst overalt i fjellet her. Det er ei mengd av vanlege graver, og det er og fleire store massefangstanlegg.
|
|
|
|