| |
|
På garden heime i Skjåk har vi mykje dyr. Vi har storfe av gamle raser som Telemarksfe, Vestlandsfjordfe, Trønderfe og Dølafe. Vi har gamal norsk spælsau, geit, høner, grisar, hestar og kattar.
Alle desse er med når vi dreg til seters kvar sumar, og på setra er det eit yrande liv frå morgon til kveld!
Av alle dyra på setra må vi spesielt nemne kua Eva. Denne kua har ikkje dei same forutsetnadene som dei andre dyra på setra - ho er nemleg blind!
|
|
|
|