Finndalen har mange fine turmoglegheiter, frå joggeturar og lette turar i skog og mark til lengre og hardare fjellturar.
Dalen har til alle tider vore brukt til jakt og fiske. Her er det moglegheiter for reinsjakt, elg - og hjortejakt og rupejakt.
I elva Finna som renn gjennom heile dalen er det fin og raud fjellaure. Meir informasjon om jakt og fiske, samt søknad- og bestillingsskjema for jakt- og fiskekort finn du på INatur sine heimesider.
Finna er ei perfekt elv for kanoturar, med både lette stryk og rolege partiar. Opplev Finndalen frå elvevegen og følg elva der ho slangar og buktar seg gjennom heile dalen.
Gjennom heile dalen er det eit vell av badeplassar. Her finn du dei finaste badestrendene og det friskaste vatnet.
Det er grusveg frå Skårvangen og innover heile Finndalen og heilt ypperleg for sykkelturar. Besøk seterstølane i sumar på sykkel, ei naturoppleving av dei sjeldne. |
|